Trafikk og løyve frå vegeigar
Det er fyrst og fremst Politiet som etter søknad gjev løyver til arrangement på offentlig stad, jf. Politivedtekta og Politilova §11.
Dersom arrangementet skal føregå på offentleg veg må ein ha løyve frå vegeigar. Voss herad kan gje løyve kring bruk av kommunal veg. Vestland fylkeskommune kan gje løve til bruk av fylkesveg. Statens vegvesen kan gje løyve til bruk av riks og europaveg og gjera vedtak om skilt og trafikkreguleringar.
Søknad om arrangement på kommunal veg skal sendast til kommunen med informasjon om tid, stad, kart, vegnummer, type arrangement, korleis vegen skal nyttast i arrangementet og plan for skilting og trafikktryggleik (arbeidsvarslingsplan).
Søknad om arrangement på fylkesveg finn du her.
For å arrangera sykkelritt må ein ha særskilt løyve hjå Statens vegvesen.
NB: Hugs å dimensjonera parkeringa til storleiken på arrangementet.