Marknadsføring
Marknadsføring av arrangementet er viktig dersom du ynskjer at folk skal koma. Det er ulike måtar å gjera dette på, nokre er gratis medan andre må du betala litt for.
Avisa Hordaland
Å annonsera i lokalavisa, Hordaland, er ein god måte å nå mange i Voss og nærkommunane. Sjå informasjonside med annonsestørrelsar, prisar og bestillingsskjemna på Avisa Hordaland sine nettsider.
Friskus
I Voss herad har me samla alt som skjer av aktivitetar i den digitale aktivitetskalenderen Friskus.
I denne kalendaren finn du oversikt av arrangement, frivillige lag og organisasjonar, aktivitetsarrangørar og ei oversikt over støtteordningar til barn og unge i heradet.
Dersom du nyttar dei ulike filtra vil du kun få opp det som interesserer deg.
For meir informasjon om Friskus, sjå Voss herad sine sider
Kva Skjer-kalendaren
Dersom arrangementet ditt også kan vera interessant for turistar, tilreisande og hytteeigarar, kan du leggja det inn i VisitVoss sin Kva Skjer-kalendar.
Å laga ei «hending» på Facebook er ein anna gratis marknadsføringskanal der ein kan nå mange. Ei Facebookgruppe mange nyttar på Voss er «Kva skjer på og ikring Voss».