Arrangere på Voss > Arrangera > Følgjekortordning

Følgjekortordning

Menneske med funksjonsnedsetting eller sjukdom kan søkja og få følgjekort/ledsagarbevis og soleis ta med eit følgje på offentlege kultur- og fritidsarrangement gratis.

Følgjekort/ledsagarbevis lar følgje koma gratis med, medan den som treng følgje betalar vanleg pris.

Det er opp til kvar enkelt arrangør om ein tillet bruk av følgjekort.  Voss herad oppmodar alle arrangørar om fylgja ordninga med følgjekort/ledsagarbevis. Informasjon om følgjekort.