Brannvern

Du som arrangør har ansvar for tryggleiken til dei besøkjande, du må difor setja deg inn i regelverk kring branntryggleik . Her kan du lesa meir om kva du må tenkja på og forholda deg til.

For større arrangement skal du melda frå til brannvesenet i god tid. Ver merksam på at fyrverkeri eller bruk av open eld/varme krev løyve frå brannvesenet.

Dersom arrangementet ditt skal haldast i eit bygg eller på eit område som ikkje normalt vert nytta til det høvet, skal brannvesenet ha beskjed i god tid (Brann- og eksplosjonsvernlova av 2002, §7). Sjå meir informasjon her.

Overnatting: 

Dersom ein skal ha sporadisk overnatting i samband med eit arrangement, er det viktig å sende melding til brannvesenet om dette i god tid, og minimum ei veke før.

Melding om overnatting til brannvernet – §7 i brann- og eksplosjonvernlova – Voss herad

Ved overnatting i bygg som ikkje er bygde som overnattingslokale, må fleire tilhøve vere vurderte før ein kan overnatte. Viktigast i denne samanhengen er persontryggleiken, som heng saman med føresetnadene og grensene for bruk av bygget. Den som eig bygget, har ansvaret. Som arrangør må ein forsikre seg om at eigaren har vurdert risikoane grundig og kan dokumentere at tryggleiken er sikra. Det er avgjerande at tryggleiksprosedyrar og rutinar blir etterlevde.

Ved arrangement som medfører provisoriske bygg, arrangement i ungdomshus og liknande, er det viktig å fylgje føreskrifter som vert gjevne ut av huseigar/leverandør. Du som arrangør må setja deg inn i desse reglane. Dersom brannvesenet kjem på kontroll under arrangementet, må du kunne visa fram føreskriftene.

Store arrangement:

Her er nyttig informasjon om tryggleik ved store arrangement, skrive av Direktoratet for Samfunnssikkerhet og beredskap, DSB:

Rettleiar for tryggleik ved store arrangement (nynorsk) | Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap