Arrangere på Voss > Arrangera > Skjenkeløyve/løyve til å selja mat

Skjenkeløyve/løyve til å selja mat

Dersom du skal selja mat og drikka, med eller utan alkohol, må du søkja om serverings- og skjenkeløyve (minmum 3 veker før arrangementet). Dersom du ikkje har etablerarprøve og alkoholprøve må du ta desse i god tid før arrangementet. Du må vera 20 år og ha plettfri vandel, og ved større arrangement må du og søka om assisterande styrar for løyve.

Skjenkeområde utandørs skal vera tydeleg inngjerda og det skal vera fri breidd på minst 2,5 meter dersom området ligg på fortau.

Les meir om skjenkeløyve i Voss herad og korleis søkje.

Skal du servere mat på arrangementet ditt er det mogleg du må registrere dette hjå Mattilsynet.

Sal av mat som ikkje er av privat karakter og av eit visst omfang skal registrerast hjå mattilsynet.

Her finn du skjema for å registrere matservering. 

For å vera på den sikre sida anbefaler vi at du tar ein kikk på Mattilsynet sine nettsider.

Mattilsynet har eit nasjonalt sentralbord, tlf. 22 40 00 00. Dei vil henvisa deg til rett avdeling som kan svara på dine spørsmål.