Miljø
Det er naudsynt å tenkja på miljøvern og avfallshandtering for ditt arrangement.
BIR:
Det er viktig med god sortering av avfallet. Dette kan du få god hjelp til frå BIR, som leverer løysingar for midlertidig avfallshandtering på dei fleste arrangement i Vossaområdet.
Telefon: 56 52 99 00
E-post: birvh@bir.no
Nettside: birvh.no
Miljøhandboka
Grøn arrangementsstandard er utarbeida for festivalar og utandørs arrangement. Her finn du gode tips og råd til korleis miljøarbeid kan organiserast og gjennomførast.
Økologisk servering
Mat er ein viktig del på mange typar tilstelningar, anten den vert selt eller servert. Ynskjer du ein miljøvenleg profil på arrangementet ditt bør du vurdera kortreist og økologisk mat. Ynskjer du tips og råd til korleis du kan gjera serveringa meir økologisk og berekraftig, sjekk ut denne sida Arrangementsmat.no