Løyve frå grunneigarar
Skal ditt arrangement foregå på ein annan manns grunn? Då må grunneigar kontaktast.
Løyve frå grunneigar må gjevast skriftleg. Når Voss herad er grunneigar, søkjer du direkte til kommunen. Søknad må vera sendt minimum 6 veker før arrangementet finn stad. Du må leggja ved eit kart eller ei skisse der ynskt leigeareal er markert. Andre vedlegg til søknaden varierer ut frå kvar du skal leiga og kva du skal bruka arealet til. Skal du selja mat og drikka, med eller utan alkohol, må du søkja om serverings- og skjenkeløyve.
Dersom kommunen er grunneigar, er dette nyttig informasjon:
Grunna omlegging av bookingsystem er lenkene til søknadsskjema ikkje oppdaterte. For spørsmål om leige send mail til postmottak@voss.herad.no
| Område | Søknad til | Særskilde ting |
| Prestegardslandet | Voss herad, Bygg og eigedom | Søknadsskjema Utescena krev løyve frå Voss Song- og musikkråd |
| Prestegardsmoen | Voss herad, Bygg og eigedom | Restriksjonar i høve transport og bruk av open eld |
| Sentralidrettsanlegg | Voss herad, Bygg og eigedom/ Voss idrettshall | Voss idrettshall koordinerar hallen, Brukarrådet koordinerer utendørsanlegget |
| Tinghusplassen | Voss herad, Bygg og eigedom/ Voss parkering | Bygg og eigedomsavdelinga gjev løyve til bruk, med eigen søknad til Voss Parkering |
|
Vangsgata | Voss herad, driftsavdelinga | Driftavdelinga gjev løyve Søknadsskjema |
| Torget og anna sentrumsareal | Voss herad, Servicetorget | Servicetorget gjev løyve på faste plassar. Søknadsskjema Grunneigar gjev løyve for sitt areal |
| Skular | Einskild skule | Søknadsskjema rom i skulane |
| Voss kulturhus/Voss gamle kino | Voss kulturhus |
For bruk av taket på Kulturhuset, kontakt bygg og eigedomsavdelinga, Voss herad |
Vossabadet og Voss idrettshall Vossabadet – Moderne Svømmehall for Alle | Folkehelse og Velvære