Arrangere på Voss > Arrangera > Motoriserte køyrety

Motoriserte køyrety

Alle som ynskjer å nytta motorkøyretøy, inklusiv snøscooter, i utmark, må ha løyve frå kommunen. I tillegg må ein ha løyve frå grunneigar, dersom ein ikkje sjølv eig grunnen ein skal køyra på.  Løyvet frå grunneigar skal liggja ved søknaden.

Unnateke frå kravet om kommunalt løyve er køyring som er direkte heimla i § 4 i lov om motorferdsel i utmark og vassdrag, og i § 2 og § 3 i forskrift for bruk av motorkøyretøy i utmark og på islagde vassdrag.

For meir informasjon om motorferdsle i utmark og søknadsskjema, sjå Voss herad sine nettsider.