Fyrstehjelp
Utifrå kor stor folkemengde som skal vera samla på eit arrangement, må ein tenkja gjennom behovet for fyrstehjelp.
Tenk også på evakueringsvegar – dersom det skjer ei ulukke, kjem ambulansen seg fram? Kven varslar, og korleis handterer ein det innad i arrangementskomitéen? Tenk også på eventuell debrief av deltakarar, frivillige og andre involverte dersom ei ulukke skjer.
Røde Kors har god erfaring med å bistå på fyrstehjelpsarbeid. Dei har også ein hjartestartar som dei leiger ut, samt folk til å handtera den.
Voss Røde Kors Hjelpekorps: korpsleder@vossrkh.no / 906 49 374
Vossestrand Røde Kors: 934 43 397