Arrangere på Voss > Arrangera > Løyve frå grunneigarar

Løyve frå grunneigarar

Skal ditt arrangement foregå på ein annan manns grunn? Då må grunneigar kontaktast.

Løyve frå grunneigar må gjevast skriftleg. Når Voss herad er grunneigar, søkjer du direkte til kommunen. Søknad må vera sendt minimum 6 veker før arrangementet finn stad. Du må leggja ved eit kart eller ei skisse der ynskt leigeareal er markert. Andre vedlegg til søknaden varierer ut frå kvar du skal leiga og kva du skal bruka arealet til. Skal du selja mat og drikka, med eller utan alkohol, må du søkja om serverings- og skjenkeløyve.

Dersom kommunen er grunneigar, er dette nyttig informasjon:

Grunna omlegging av bookingsystem er lenkene til søknadsskjema ikkje oppdaterte. For spørsmål om leige send mail til postmottak@voss.herad.no

OmrådeSøknad tilSærskilde ting
PrestegardslandetVoss herad, Bygg og eigedomSøknadsskjema
Utescena krev løyve frå Voss Song- og musikkråd
PrestegardsmoenVoss herad, Bygg og eigedomRestriksjonar i høve transport og bruk av open eld
SentralidrettsanleggVoss herad, Bygg og eigedom/
Voss idrettshall
Voss idrettshall koordinerar hallen, Brukarrådet koordinerer utendørsanlegget
TinghusplassenVoss herad, Bygg og eigedom/
Voss parkering
Bygg og eigedomsavdelinga gjev løyve til bruk, med eigen søknad til Voss Parkering

Vangsgata

Voss herad, driftsavdelingaDriftavdelinga gjev løyve
Søknadsskjema
Torget og anna sentrumsarealVoss herad, ServicetorgetServicetorget gjev løyve på faste plassar. Søknadsskjema
Grunneigar gjev løyve for sitt areal
SkularEinskild skuleSøknadsskjema rom i skulane

Brannvern varslast om bruk

Voss kulturhus/Voss gamle kinoVoss kulturhus

For bruk av taket på Kulturhuset, kontakt bygg og eigedomsavdelinga, Voss herad

Vossabadet og Voss idrettshall Vossabadet – Moderne Svømmehall for Alle | Folkehelse og Velvære