Politi
Alle mindre arrangement, festar, dansar, markeringar og liknande som er opent for alle skal politiet ha informasjon om. Politiet kan ha viktig informasjon med tanke på tryggleik for ditt arrangement.
Dersom du skal ha ein festival eller eit større arrangement, må du levera søknad til politiet i god tid før arrangementet finn stad (seinast fire veker før arrangementet). Ved større arrangement kan det i tillegg til triveselsvakter koma krav om profesjonelle, godkjente vakter.
Melda/søk om løyve til arrangement her: Skjema for arrangementer – Politiet.no
Skal ein arrangera lotteri, må Lotteritilsynet få ein søknad frå arrangøren. Dette gjerast enkelt via denne lenkja.